Hopp til hovedinnhold

Vaffeljern

-Et vaffeljønn?
-Bare ett hjerte - da tek det lang tid å steke mange da...(Sagt av Morten, 8 år på museumsbesøk)

Dei eldste vaffeljerna hadde andre former enn dei me kjenner i dag. Mange kunne ha ha ei rektangulær form, som var delt i to, der dei to stykka hadde ulikt mønster.

Månedens gjenstand er eit vaffeljern forma som eit hjerte, eit einsleg hjerte.

Jønnet er eit armjønn til å steike i peisen over open varme. Denne gjenstanden kjem fra Tynset og tihøyrer Tynset Bygdemuseum.

Jønnet er håndsmidd av jern, noe grovgjort, men med to sirlege mønsteroverflater med snipper, jevnt fordelt.

Hjerteforma er brukt til utforming og prydnad langt attende i tiden. Hjertet symboliserer godheit og kjærleik, og i bruksgjenstander står forma for kraft og fruktbarhet. Forma vart i estetisk og kunstnerisk samanheng sett saman til border, roser og rosetter. Når me tenker oss dagens vaffeljønn, med fem hjerter, er det eit resultat av hjerteforma sett saman til ein rosett.

I sommarhalvåret forbind ein vafler ofte med utearrangementer, med syltetøy og rømme på.
Vafler på setra betydde helg. Skikken var slik at det skulle steikast vafler eller takk-kake, ofte fleire fat, for å ha mat om det kom fremmen. Den gamle tradisjonen blir framleis hedle i hevd.

(Kilde: Nina Granlund Sæther: Hjertet i folkekunsten)


  • Vaffeljern hjerteform
    1/1
    Vaffeljern hjerteform Foto:Per Arne Tollefshagen
Museum24:Portal - 2024.03.19
Grunnstilsett-versjon: 1