Innsamling av gjenstander til museumsformål begynte allereide i slutten av 1920-åra. Samlinga fordeler seg over dei 7 avdelingane, og teller omlag 27000 gjenstander. Storparten er bevart i sitt opprinnelege miljø, i hus på museumsanlegget, medan ein del, dei mest unike gjenstandene, ligg i magasin.
Gjenstandene speglar eit historisk bilete frå midten av 1700-talet fram til i dag, og blir m.a. brukt i samband med formidling, gjennom utstillinger og foredrag, og i forskningssamanheng.
Ein liten del er lagt ut på Digitalt Museum.
Musea i Nord-Østerdalen tek framleis imot gjenstander, men vil sjøl avgjere kva som skal inn m.o.t. orginalitet, kontekst, mengde og magasinplass.
- 1/3
- 2/3
- 3/3