Denne vart brukt til å sikte mjøl, sile mjølk og ved ølbrygging
Produksjonen av slike sikter skriv seg frå vårt granneland, Sverige, frå Dalarna, området rundt Sundsvall, Jämtland og Härjedalen.
Desse vart laga av såkalla siktmakarar, som livnærte seg av denne produksjonen, eller hadde dette som attåtnæring. Duken er av hestetagel (hesterumpe) både i renning og innslag. Duken kunne vera i ulike fargar, som fekk fram eit rutemønster.
Den siste siktmakaren i Gagnef var m. a. i arbeid fram til 1920-åra.
Sikter som denne vart seld på marknadsplasser eller av omreisande handelsmenn. Folk skaffa seg slike, for å bruke i hushaldningen. – Og handelen førte til at gjenstanden fins på fleire av musea, - og på gardar i Nord-Østerdalen.
Kjelde:
Wingole, Bettina: Tagel, - en annorlunda hästbok. 2017.
Kristiansson, Maj-Britt: Tagelsiktar i Hemsløjden 1989/4