Dette ser ut til å væra eit ukjend og aldri publisert dikt av Ivar Mortensson (han skreiv seg slik enda – det var først i 1918 han hekta på -Egnund på namnet sitt). Her publiseres nå denne hittil ukjende julesongen, både transkribert og kopiar av dei originale manusarka etter Ivar (arkivref. NOMA-A-0062 Ga/0056).
Det er vel ikkje utenkjeleg at Ivar Mortensson-Egnund hadde ein bestemt, allereie kjend, melodi i hodet da han skreiv denne julesongen, utan at vi kan sei noko sikkert om det. Elles fungerer teksten på gamle stevtoner frå f.eks. Vest-Telemark, og vi veit at han tidlegare hadde reist kring, blant anna nettopp i Telemark, og samla inn folkeminne, segner og folkeviser. Så kanskje er songen skreve til ei gammel norsk stevtone.
Stev, gammel-stev eller nystev, har ei heilt fast oppbygging. Difor kan ein syngje ein kvar gammal-stev-tekst på ein gammal stevtone og ein kvar ny-stev-tekst på ein ny-stev-tone.
Dette gjer at stev-tradisjonen i Norge kan samanliknast med blues – ein kan lett improvisere ny tekst til gamle toner. Frå området som kallast Råbyggarlaget, dei indre delane av Agder og dei sør-vestlegaste delane av Vest-Telemark, kunne stev-tevlingar vere ein måte å løyse konfliktar på. Desse kunne vare i fleire dagar - stevarane improvisera fram nye tekster og den som til slutt ikkje klara å finne på meir, var den som tapte. Slike stev-tevlingar kan samanliknast med det me kjenner som «free-styling» i hip-hop-kulturen.