•  (Foto/Photo)

I utstillinga viser Anno Musea i Nord-Østerdalen ein del av sitt tekstile gjenstandsmateriale. Gjenstandane i utstillinga er frå perioden 1770 til 1880, og representerer den tradisjonelle draktskikken.

Draktdelene tilhøyrer ulike tidsperioder. Dei eldste er klede i skinn. Noen plagg vil ein kjenne igjen, da dei representerer ein levande tradisjon, t. d. skjoldluva og snøsokkane.

I tillegg til kvinne- og mannfolkklede viser utstillinga både spebarnstøy og barneklede, samt rituelle plagg til livets og årets høgtider.

Mange fotografier frå museet si store fotosamling underbygger draktskikken på ein god måte. Enkeltpersoner og grupper i tidstypisk kledrakt frå perioden 1868 til 1880 supplerer gjenstandane som er stilt ut.

Utstillinga har gjenstander frå dei fleste bygdene i Nord-Østerdalen. Dei er alle i musealt eige.

Foto: Anno Digital

  •  (Foto/Photo)
  •  (Foto/Photo)
  •  (Foto/Photo)

  •  (Foto/Photo)
  •  (Foto/Photo)
  •  (Foto/Photo)
  •  (Foto/Photo)
  •  (Foto/Photo)
  •  (Foto/Photo)
  •  (Foto/Photo)
  •  (Foto/Photo)
  •  (Foto/Photo)
  •  (Foto/Photo)
  •  (Foto/Photo)
  •  (Foto/Photo)